Shop / Utbrent
Utbrent

Utbrent

I denne diktsamlinga syner Linn Therese Solheim korleis ein kan gå frå å vere ein hjelpar, til å sjølv føle seg hjelpeslaus. Og den får fram viktigheita av å hjelpe seg sjølv!

Dikta er forma av Solheim sin tidlegare jobb i barnevernet, noko som gir eit unikt innblikk i ein mykje debattert instans.

Dei sterke dikta er djupt personlege, og mange av dei er brutalt ærlege. Solheim vel å vere psykt ærleg, for å setje fokus på utbrentheit. Ho ynskjer at fleire skal bli bevisste på kva det å vere stressa og utslitt over tid kan føre til, og håpar at både arbeidsplassar og kvar einskild gjer grep for å førebyggje.

Boka gir også håp om at det etter mørkret kan bli lyst att! Kanskje til og med endå lysare enn nokon gong før …


NOK 329

Product Informations

  • Authors:
    • Linn Therese Solheim

      Linn Therese Solheim (f. 1991) vart utbrent då ho jobba i barnevernet. Ho kom seg styrka ut av utbrentheita og hjelper no andre med å gjere det same. Med diktsamlinga Utbrent debuterer ho som forfattar. I tillegg er ho coach, foredragshaldar og gründer av linnyslivsstil.no, samt inspirerer andre på @linnyslivsstil på Instagram.

  • Format:13 x 20
  • Binding:Innbundet
  • ISBN:9788283983005

  • Publisher: Lyrikkforlaget
  • Publication Date: 20 January 2023
  • Dimensions: 13 x 20

More books from Linn Therese Solheim

Utbrent

Utbrent

NOK 329