Butikk / Bitar frå livet
Bitar frå livet

Bitar frå livet

Bitar frå livet, er nettopp det – bitar frå livet til slekt, venar, kjende og ukjende som forfattaren har observert og lytta til. Det er òg mogleg at ein (eller fleire) av tekstane er frå hans eige liv – akkurat kva for eit, er ein hemmelegheit som går med han i grava.

 

Boka er nydeleg illustrert med ein strek som forsterkar kjenslespekteret i nokre av dei små tekstane, utan å vera ein fasit på korleis verda i historia ser ut. Sjansen er uansett stor for at du kjenner deg igjen i og ynskjer å dela minst ein bit frå livet.

 

"Frode skriv godt om alvor og sjølvkjensle, der kvardagshåpet er helten."
Arne Hjeltnes


kr 329.00

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Frode Alver Nilsen

      Frode Alver Nilsen

      Nordhordlending frå Alver utanfor Bergen. “Bitar frå livet” er hans første bok. Som firebarnsfar har han ein særleg kjærleik for korte tekstar som fortel store historier og som ikkje minst lèt seg forfatta innimellom slaga.

       

      Tord-Øystein Stubberud

      Prisvinnande animatør og illustratør frå Knapstad i Østfold. Tord-Øystein har hatt teikning som kreativt fundament gjennom heile livet. Han kan skilta med fleire topplasseringar i anerkjende European Design Awards og Visuelt for arbeidet sitt.

  • Illustratør: Tord-Øystein Stubberud
  • Format:15 x 21
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283983043

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 31. mars 2023
  • Dimensjoner: 15 x 21

Flere bøker fra Frode Alver Nilsen

Bitar frå livet

Bitar frå livet

kr 329.00