«Den enkelte har aldri med eit anna menneske å gjera utan å halda noko av livet til den andre i handa. Det kan vera veldig lite, ei forbigåande stemning, noko sjølvsagt - som du får til å visna, eller som du utdjupar eller løftar. Men det kan også vera frykteleg mykje, så det er rett og slett opp til den enkelte om livet til den andre lykkast eller ikkje» Løgstrup, 1956.
Dei splittar lag og går kvar sin veg.
Ein går ut i det ukjende
den andre bringer deg heim.
Så her står eg og undrar
kor går eg -
for eg er ein reddhare
men ingen veit om det.
Rikke Gürgens Gjærum er busett i Harstad der ho er viserektor for UiT Noregs arktiske universitet. Ho er professor i drama/teater og har sidan 1998 vore faglitterær forfattar og forska på kunstfag, utanforskap, omsorg og pedagogikk. Ho debuterte skjønnlitterært med diktsamlinga Portretter av transformert lytting, men har gjennom heile karrieren arbeidd med kunstbasert forsking gjennom iscenesetjingar, manusutvikling, dikt og noveller.
Fotograf Tomas Rolland bur i Harstad og er tilsett som seniorrådgjevar ved UiT Noregs arktiske universitet. Han har erfaring som fotograf, journalist og kommunikasjonsrådgjevar, og har gjennom livet hatt eit aktivt forhold til fotografi innan ulike sjangrar.