Vi flyt på tynne flak av stein, varme og eksplosive som frø. Men kva skjer når jorda vert lei, når ho sluttar å svelle mot ljoskvervet?
I denne diktsamlinga møter vi ei verd der vi må velje mellom 23 forskjellige tannbørstar i ein vanleg butikk, der 90 000 tonn klede dumpast årleg i eit lite land. Her er forbrukskulturen og klimakrisa ikkje berre politiske tema, men eksistensielle røynder som pressar seg inn i det mest intime.
Med eit skarpt auge for kvardagens absurditeter skildrar forfattaren vår tids største paradoks: Vi er «inderleg forbundne med jorda» og samstundes dei som «øydelegg ho i villelse».
Dette er poesi som tør å sjå inn i det som skremmer mest – og som finn skjønleik sjølv i verdas samanrot.
Siri Gossé er lærar. Ein trønder som stranda langt frå havet, men ofte lengtar dit. Ho interesserer seg for mykje, men mest av alt for menneska.