Butikk / Lyrikk / Kjærleik i 100
Kjærleik i 100

Kjærleik i 100

Kjærleiken sitt mangfald er sjølve livet. 100 dikt om kjærleik blir altså 100 dikt om livet. Lesaren blir tatt med på ei reise i kjærleiken sitt mangslungne landskap. Ein får vitja høgder og djup, medvind og motvind, bylgjer og stille, godlyd og tystnad, lyse dagar og mørke netter. Og innimellom er det heile krydra med litt lun humor. Eg- og du-forma gjer det lett for lesaren å knyta dikta til sitt eige liv og sine eigne røynsler. Boka er rikt illustrert med forfattaren sine eigne, vakre naturfoto som kvar for seg samsvarar med eit tilhøyrande dikt. Med sitt tidlause innhald passar Kjærleik i 100 for alle aldersgrupper og til alle anledningar.


kr 269.00

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Jan Kidøy
      Jan Kidøy er frå Gulen i Sogn og Fjordane, men har levd det meste av sitt vaksne liv i Rogaland. Han er utdanna agronom, og sjølv om han har vore innom mange yrker, er banda til jorda og naturen sterke. Dette set sitt tydelege preg både på dei vare dikta og dei vakre fotografia hans. Frå å vera rimsmed for festlege lag, tok han steget over til eit meir seriøst forfattarskap for få år sidan. Eit langt og engasjert liv har gitt stor menneskekunnskap og rike erfaringar å ausa av, noko som gjer at dei fleste kan kjenna seg att i diktinga hans. Jan Kidøy skriv alle dikta sine på nynorsk, ei språkform han finn både rik og kraftfull, med ei særmerkt lyrisk klang. Når han no kjem ut med si andre bok, ser me at han har funne sin eigen stil og sitt eige uttrykk.
  • Format:20 x 13
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283980110
  • Lyrikk | 16. august 2018

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 15. november 2018
  • Dimensjoner: 20 x 13

Flere bøker fra Jan Kidøy

Kjærleik i 100

Kjærleik i 100

kr 269.00