Det er kvardagane som tel. Me har berre den tida me har. Bak tankar og kjensler skapt av dei kvardagslege augneblinkane, lyder ein melodi – livet sin song. Høyrer du den?
Karen-Margrethe Erlandsrud (f. 1953) vaks opp i Ål i Hallingdal. Etter å ha hatt ei spanande karriere i skuleverket, flytta ho attende til heimbygda i 2021. Her er ho aktiv i kulturelt og frivillig arbeid. Ho har også sin eigen personlege blogg (kjaerefolk.com) og har tidlegare gitt ut to romanar: Steder Anna satt i 2011 og Lille, vakre Anna i 2015. I 2024 gav ho for fyrste gong ut nokre av dikta sine i boka Aller helst vil eg danse på Lyrikkforlaget. Då hadde ho funne attende til hjartespråket sitt nynorsk. No kjem ho med si andre diktbok.