Butikk / Lyrikk / Meteord
Meteord

Meteord

ei strofe kjem sjeldan åleine

Eg skriv, difor ser eg. Stemmer det at ein trer klarare fram for seg sjølv ved å setje ord på det indre og uhandgripelege, at ein kan avvæpne det vonde? Kan ein finne innsikt gjennom utsikt? Som så mange før, oppsøker forfattaren naturen for ro og klårsyn. Som så mange før, vender ho seg mot kunsten for å gje kjenslene spelerom. Mine ropeteikn blir anerkjent, mine punktum respektert. Teksten er min trygge vaksne.

Kari går sjukmeld og forsøker handtere krisene som livet slynger inn i hennar atmosfære. Nokre streifer så vidt, medan andre etterlét djupe krater. Meteorsvermen får sin «radiant» når ho finn opphavet til den stadig gnagande, indre motbøra; ADHD. Samstundes gjev (opp)lysande halar seg til kjenne på papiret. Dikta bit frå seg som bitre, fortvila og kritiske, men endrar etterkvart ordlyd til det humoristiske og håpefulle, vakre og takksame.


kr 349

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Kari Rannveig Hellevang

      Kari Rannveig Hellevang (f.1983) er gift og har to barn. Interessa for språk og skriving oppstod allereie i barne- og ungdomsskulen. Etter mange års opphald i Spania, flytte ho i 2019 tilbake til heimbygda Sogndal. Kari er samfunnsvitar og arbeider i dag som ungdomskoordinator. Diktsamlinga er hennar fyrste. 

  • Format:13 x 20
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283985504
  • Lyrikk | 22. januar 2026

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 26. mai 2026
  • Dimensjoner: 13 x 20

Flere bøker fra Kari Rannveig Hellevang

Meteord

Meteord

kr 349