Butikk / Flagellantens evangelium
Flagellantens evangelium

Flagellantens evangelium

Kva gjer eit menneske med tida som renn mellom fingrane, med skulda det ikkje kan legge frå seg, med kjærleiken det mista og krigen det ikkje maktar å stanse?

I Flagellantenes evangelium vandrar Ola Grøvdal gjennom eit landskap der naturen talar i stigande røyst, der narsissismen er sivilisasjonens spegel og der det personlege tapet aldri er langt unna. Med jorduglefluktens låge, vinklande kurs som rettesnor – aldri den rette vegen, alltid framover – rører diktsamlinga ved det som er størst og minst på ein gong: eit fjortenårig liv som sloknar, eit hovoud i ei morgonkåpe som er for stor, ein siste utpust som ikkje blir følgt av ein ny innpust.

Grøvdal skriv med ein røff ømheit og ein natur- og mytologiforankra billedkraft som er heilt hans eigen. Her er havet, fururøttene, elgen i daggryet og øvingsgranaten med kyrilliske bokstavar. Her er flagellanten – sjølvpiskaren – som både botsøving og spørsmål: kven piskar seg, kven fortener det, og kvifor sluttar vi ikkje?


kr 329

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Ola Grøvdal

      Ola Grøvdal (f. 1953) voks opp i Rørvik i Nærøysund der han bur no, men han har og budd og arbeidd som lærar, inspektør og rektor i den vidaregåande skolen i Vardø og i Numedal.  I 2013 mista han kona si etter mange års kreftsjukdom. Han har tidlegare gitt ut seks diktsamlingar, roman, noveller og barnebok. Han er prisbelønt for dikta sine og for romanen. Han har skrivi fleire teaterstykke for barn og fleire lokalhistoriske stykke, seinast musikkteaterstykket om forliset til hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1962. Han er ein ivrig friluftsmann og ferdast like gjerne på sjøen med årer eller motor som i fjellet til fots, på ski eller med hest.

  • Format:13 x 20
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283985764

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 18. august 2026
  • Dimensjoner: 13 x 20

Flere bøker fra Ola Grøvdal

Flagellantens evangelium

Flagellantens evangelium

kr 329
Ventemannen og tentakkeldyret

Ventemannen og tentakkeldyret

kr 298