Butikk / Ventemannen og tentakkeldyret
Ventemannen og tentakkeldyret

Ventemannen og tentakkeldyret

Det er mange som er pårørande. Det er mange som er ramma. Det er så mange som lever midt i ei stor sorg. Omtanken for andre er ein så viktig del av liva deira at dei ofte set sine eigne på vent. Det er så mange ventemenn og -kvinner. Desse dikta forsøker å leite fram ord for dei tankane og kjenslene som held dei vakne, uroar dei når som helst, skiplar om på tilværet.

 

Det er lett å gløyme kjærleiken og samværet med andre når alvorleg sjukdom og kriser rammar. Desse dikta fortel òg om dagane med smilefjes på, om den vesle berøringa som inneheld så uendeleg mykje omtanke, om dei lyskjeldene som berre er glimt av det gode, men likevel held tilværet saman.

 

«Ventemannen og tentakkeldyret» er ei samling av ærlege, nakne og varme dikt om korleis det er å leva eit fullverdig liv med eller tett på kronisk sjukdom. Ei samling dikt om dei berørte. Ei samling dikt som berører.


kr 298.00

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Ola Grøvdal

      Ola Grøvdal (f. 1953) voks opp i Rørvik i Nærøysund der han bur no, men han har og budd og arbeidd som lærar, inspektør og rektor i den vidaregåande skolen i Vardø og i Numedal.  I 2013 mista han kona si etter mange års kreftsjukdom. Han har tidlegare gitt ut fem diktsamlingar, roman, noveller og barnebok. Han er prisbelønt for dikta sine og for romanen. Han har skrivi fleire teaterstykke for barn og fleire lokalhistoriske stykke, seinast musikkteaterstykket om forliset til hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1962. Han er ein ivrig friluftsmann og ferdast like gjerne på sjøen med årer eller motor som i fjellet til fots, på ski eller med hest.

  • Format:13 x 20
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283983159

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 7. mars 2023
  • Dimensjoner: 13 x 20

Flere bøker fra Ola Grøvdal

Ventemannen og tentakkeldyret

Ventemannen og tentakkeldyret

kr 298.00